Aktiv fysio- og manuellterapi
  • Om klinikken
  • Vi jobbar her
  • Fysioterapi
  • Manuellterapi
  • Prisar
  • Kontakt oss
  • Søk
  • Menu Menu

Manuellterapi

Kva er manuellterapi?

Manuellterapi er ein offentleg vidareutdanning som består av eit toårig klinisk masterprogram ved Seksjon for fysioterapivitskap ved Universitetet i Bergen.
Fysioterapeutar med denne vidareutdanninga kallast manuellterapeutar, og har spesialistkompetanse innan undersøking, behandling og førebygging av problem i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.

Kva er spesielt for manuellterapeutar?

Manuellterapeutane har spesielle rettigheiter. Dei kan:

  • tilvise pasientar videre til spesialisthelsetenesta.
  • tilvise pasientar til radiologiske undersøkingar.
  • sjukmelde pasientar med muskelskjelettplager/-sjukdomar i inntil 12 veker.
  • ved langvarig sjukmelding delta i lovpålagt «dialogmøte» saman med arbeidsgivar, arbeidstakar og bedriftshelsetenesta. Hensikta med dialogmøtet er å kome fram til tiltak som tilrettelegg for at den sjukmelde kan vere på jobb når det er medisinsk forsvarleg.

For meir utfyllande informasjon:

https://fysio.no/Pasientinfo/Pasientbrosjyrer/Manuellterapi

Vil du bestille time?

Gå til timebestilling
Aktiv fysio- og manuellterapi • Naustdalsvegen 4, 6800 Førde • Telefon: 469 20 369
Levert av 123press
Scroll to top