
Fysio- og manuellterapi
Fysioterapeutar har inngåande kunnskap om muskel- og skjelettsystemet si oppbygning og funksjon. Ein fysioterapeut førebyggjer og behandlar skadar og sjukdommar som gir smerter og/eller nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystemet.
Fysioterapeutar med vidareutdanning innan manuellterapi kallast manuellterapeutar, og har spesialistkompetanse innan undersøking, behandling og førebygging av problem i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.
Kvar finn du oss?
Vi held til i 3. etg på Amfi. Ved parkering i parkeringskjellar tek heisen deg rett opp til klinikken. Dersom du har time tidleg på morgonen, skal porten inn til parkeringskjellaren vere open.